YM Creative community
Eit inkluderande fellesskap for barn og unge
YM Creative Community
YM Creative Community er foreininga som står bak det inkluderande danse- og aktivitetstilbodet vårt. Målet er å skape trygge møteplassar der alle barn kan oppleve meistring, fellesskap og danseglede – uavhengig av bakgrunn, økonomi eller erfaring.
Når barnet deltek i dansegruppene våre, får det automatisk gratis medlemskap i foreininga. Medlemskapet krev ingen ekstra handling frå dykk.


"
FAQs
Kvifor foreining?
Som foreining får vi fleire moglegheiter til å støtte familiane våre og utvikle eit godt og stabilt tilbod. Det betyr at vi kan:
søkje om støtteordningar og tilskot
samarbeide tettare med kommunen
halde prisane nede
lage ordningar for barn frå låginntektsfamiliar
sikre at økonomi aldri blir ein grunn til at eit barn må slutte å danse
Dette er eit viktig steg for å gjere YokoMotion til meir enn berre kurs – vi byggjer eit fellesskap.
korleis fungerer 6‑vekers bolkane
Kva skjer om vi har utfordringar med betaling?
Korleis fungerer automatisk vidareføring av plass?
Når du melder barnet ditt på ei dansegruppe, står plassen automatisk vidare frå bolk til bolk. Dette betyr at du slepp å registrere på nytt kvar gong. Du betalar per 6‑vekers periode, og det er ingen bindingstid.
Dersom du ikkje ønskjer å halde fram, må du seie opp seinast 2 veker før neste betalingsperiode startar. Dette gir oss tid til å planleggje gruppene og eventuelt gi plass til nye barn.
Dansegruppene våre er bygde opp i faste rytmar:
6 veker undervisning der barna lærer ein dans
Veke 7: ei lita framvisning og sosial stund
Deretter 1 veke pause før neste bolk startar
Pausen gir barna rom til å lande, og gir oss tid til å førebu nye dansar. Denne veka kan også brukast til vaksenworkshopar eller andre éin‑gongstilbod.
Vi ønskjer at alle barn skal kunne vere med, uavhengig av økonomi. Dersom du har utfordringar med betaling, ta gjerne kontakt med oss. Vi finn alltid ei løysing saman – heilt uformelt og utan spørsmål.
Saman skaper vi trygge møteplassar
YM Creative Community handlar om meir enn dans. Det handlar om å gi barn og unge ein stad å høyre til, ein stad å kjenne meistring, og ein stad å vere seg sjølv.
Vi er glade for å ha dykk med på reisa.
