Nyheiter

Oppdateringar, kunngjeringar og nyheiter frå YokoMotion.

Publisert: 4 juli 2026

Eg deltek på K‑Dance Competition Camp i Sør‑Korea

Om litt over to veker pakkar eg kofferten og reiser til Sør‑Korea for å vere med på K‑Dance Competition Camp (KDCC) ved Yonsei University Global Campus i Songdo. Campen varer frå 25. juli til 3. august, og samlar dansarar frå heile verda til ti dagar med workshops, team‑trening, profesjonelle instruktørar og ein eigen K‑Pop Cover Dance‑konkurranse.

KDCC er ei blanding av treningsleir og konkurranse, der alle deltakarane får jobbe med kjende instruktørar, delta i random play‑dance‑innspelingar, få profesjonelle foto‑ og video‑shoots, og oppleve den koreanske danse‑ og kulturenergien på nært hald. For meg er dette ei stor moglegheit til å utvikle meg vidare, lære nye stilar og hente inspirasjon til framtidige Yokomotion‑prosjekt.

For meir informasjon, sjå nettsida deira: 👉 https://www.allwek.com/kdcc2026

Vil du følgje reisa mi? 👉 Følg meg på Sociale medium (sjå lenker nederst på siden)

Publisert: 14 juni 2026

Yokomotion på Sommarfesten i Fosnavåg! Her kjem ein liten smakebit frå alt vi gjorde på scena. Ei samling av energi, glede og danselyst frå barna og ungdommane våre. Vi er så stolte av innsatsen deira og av alt dei skapte denne dagen.

Takk til alle som kom og heia, og til alle som støttar oss gjennom året. Om du lurar på om Yokomotion kan vere noko for deg eller barnet ditt, er dette ein fin måte å sjå kva vi gjer og korleis vi jobbar.

💛 Velkomen inn i fellesskapet vårt!

Påskeferie hos YokoMotion: Workshops og vår aller første Random Play Dance

I påskeferien skjer det litt ekstra hos oss. Vi har satt opp flere spesialworkshops, og én av dem får en gjesteinstruktør vi gleder oss veldig til å introdusere. Navnet holder vi igjen litt til, men følg med på våre kanaler. Det kommer en offisiell annonsering snart.

Vi lanserer også noe vi har hatt lyst til å gjøre lenge: vår første free‑for‑all Random Play Dance. Dette blir en uformell, energifylt samling der alle kan være med. Kom som du er, ta med noen venner, og bli med på en time med ren danseglede. Ingen prestasjon, ingen forventninger, bare bevegelse og god stemning.

Har du en låt du vil ha med i random dance? Legg igjen ønsket ditt på sosiale medier eller send oss en melding. Vi samler inn alt og lager en spilleliste som passer akkurat dere.

Vi gleder oss til å danse inn påsken sammen.

Publisert: 26 februar 2026

Nærnett var på besøk under eit av vaksenworkshop‑kursa våre og laga ei varm og nær reportasje om fellesskap, meistring og danseglede i YokoMotion‑miljøet. I innslaget møter du både deltakarar og instruktørar som deler kvifor dette tilbodet betyr så mykje i kvardagen.

Videoklippet er produsert av journaliststudentar ved Høgskulen i Volda for Nærnett.

Kjelde: nernett.no

Publisert: 26 februar 2026

Ein student frå journalistikk og radio ved Høgskulen i Volda laga eit innslag om den vesle visningskvelden vår, der barna som har gått på kurs hos YokoMotion fekk vise fram det dei har lært for familie og vener. Det blei ei fin stund med stolte dansarar, mykje meistring og eit varmt fellesskap rundt dei unge utøvarane.

Radioklippet er produsert for Nærnett, og du kan høyre heile innslaget her.

Kjelde: nernett.no

Vi er i gang med å starte YokoMotion‑foreininga

Publisert: 25 februar 2026

YokoMotion har sidan 2025 vore eit lite, varmt og levande dansetilbod for barn og unge – med Yoko som instruktør og kurs på tysdag. No tek vi eit nytt steg: vi har starta arbeidet med å etablere ei eiga foreining rundt tilbodet.

Kvifor gjer vi dette?

Sjølv om YokoMotion framleis er lite og oversiktleg, ønskjer vi å byggje eit stabilt fundament for framtida. Ei foreining gjer det mogleg å:

  • sikre kontinuitet i tilbodet

  • søkje støtteordningar som passar for kulturaktivitetar for barn og unge

  • utvikle YokoMotion i eit roleg og berekraftig tempo


Dette handlar ikkje om å vekse raskt, men om å ta vare på det vi allereie har bygd opp.

Kva betyr dette for dykk?

Alle blir automatisk meld inn i foreningen. For dykk som allereie er med, blir alt som før:

  • same instruktør

  • same varme miljø

  • same tysdagskurs

Forskjellen er at vi jobbar i bakgrunnen for å sikre at YokoMotion kan halde fram som eit trygt og inkluderande tilbod for barn og unge i lang tid framover.

Eit lite steg – men eit viktig eitt

Å starte ei foreining er eit naturleg og viktig steg for oss. Det gir oss moglegheiter, tryggleik og struktur, utan at vi mistar det nære og personlege som gjer YokoMotion til noko heilt spesielt.

Vi gler oss til å dele meir når foreininga er klar for neste fase.

For meg er det musikk, dans og fellesskap
(Mørenytt)

Denne reportasjen frå Mørenytt løftar fram opplevingar frå ein av våre tidlegare YokoMotion‑workshopar, med fokus på fellesskap, meistring og danseglede. Artikkelen viser kor viktig slike møteplassar er for barn og unge i regionen.

kontakt

e-post

info@yokomotion.com

© 2026. yokomotion all rights reseved. designed by dryadeadvice.com