Velkommen til Yoko's dance lounge

Velkomen til Yoko’s Dance Lounge, ein open og inkluderande plass for K‑pop og dans. her kan alle vere seg sjølve.

Yoko danser
Yoko danser

About yoko

Hei! Eg heiter Yoko, og eg er grunnleggjaren av Yokomotion Danseskule – ein inkluderande plass der energi, musikk og fellesskap står i sentrum.

Dans har vore ein del av livet mitt sidan eg var seks år og starta med klassisk ballett. Etter ei pause fann eg tilbake til dansen i 2019, då eg byrja på hiphop‑timar. Samstundes voks interessa mi for koreansk popmusikk, og eg kasta meg ut i å lære koreografiar frå favorittgruppene mine. Før eg flytta hit, var eg med i to cover‑dancegrupper, noko som gav meg både erfaring, utvikling og eit sterkt fellesskap.

I 2025 fekk eg sjansen til å halde ein workshop under eit treff i Ålesund. Den opplevinga tente verkeleg gnisten og gjorde at eg bestemte meg for å satse på å undervise andre i det eg brenn for. Seinare, i november og desember 2025, hadde eg mine første eigne workshops – og responsen var fantastisk. Det gav meg motet til å ta steget vidare og starte min eigen danseskule.

I 2026 deltok eg på K‑Dance Competition Camp (KDCC) i Sør‑Korea. Der trente eg saman med dansarar frå heile verda og lærte av profesjonelle koreografar som jobbar direkte i industrien. Opphaldet i Korea gav meg ei viktig innsikt: dans handlar ikkje om perfeksjon. Det handlar om energi, sjølvtillit, uttrykk og glede – og det er nettopp det eg ønskjer å formidle vidare til elevane mine.

Velkommen til Yokomotion Danseskule – der energi, musikk og fellesskap møtest.

Undervisningsfilosofi

Hos Yokomotion handlar dans ikkje om å vere perfekt. Det handlar om:

Energi

Sjølvtillit

Uttrykk

Glede

Fellesskap

Alle kan danse. Alle kan lære. Alle kan vere seg sjølve. Dette er grunnmuren i alt vi gjer.

Kvifor Yokomotion

Inkluderande og tryggt miljø

Fokus på meistring framfor perfeksjon

Låg terskel – alle nivå velkomne

Du treng ikkje vere K‑pop‑fan

Grupper for barn, ungdom, vidaregåande og unge vaksne

Workshops for vaksne gjennom året

Mogleg å bli med heile året

Eit rom der du kan vere deg sjølv og finne dansglede

woman wearing yellow long-sleeved dress under white clouds and blue sky during daytime

kor finn du oss?

Volda samfunnshus

Volda

Storgata 14

ta kontakt

A vibrant neon-lit dance studio with graffiti walls and energetic dancers mid-move.
A vibrant neon-lit dance studio with graffiti walls and energetic dancers mid-move.

gjerne ta kontakt ved spørsmål

kontakt

e-post

info@yokomotion.net

© 2026. yokomotion all rights reseved. designed by dryadeadvice.com